Kunstig intelligens (KI) er i ferd med å bli ein naturleg del av arbeidskvardagen i kommunal sektor. No inviterer vi deg til å ta første steg mot å meistra samhandling med den digitale assistenten din!
Målgruppa er alle tilsette, uansett rolle eller teknisk bakgrunn.
Det krevst ingen forkunnskapar, du får med deg alt du treng for å komma i gang.
Kurset er tilrettelagt for Copilot på web – det vil seia den versjonen av Copilot alle har. Copilot på web
Sjølv om dette ikkje er eit Copilot 365 kurs vil alt det du lærer på kurset også kunna brukast i Copilot 365.
Kurset blir gjennomført som ein interaktiv workshop med praktiske øvingar, døme frå kommunal sektor og moglegheit til å testa KI-verktøy "på direkten".
For fullt utbytte av kurset tilrår vi at du lastar ned eit læringshefte og eit oppgåvehefte, som ligg tilgjengeleg på DigiVestlands nettsider (sjå nedst på sida).