Grunnkurs i kunstig intelligens (KI) - DigiVestland

ki-20

Kunstig intelligens (KI) er i ferd med å bli ein naturleg del av arbeidskvardagen i kommunal sektor. No inviterer vi deg til å ta første steg mot å meistra samhandling med den digitale assistenten din!

Målgruppa er alle tilsette, uansett rolle eller teknisk bakgrunn. 

Det krevst ingen forkunnskapar, du får med deg alt du treng for å komma i gang.

 

I kurset tar vi utgangspunkt i Copilot, men prinsippa og metodane som du lærer, kan brukast på alle dei store språkmodellane – som Gemini og Chat GPT.

 

Kurset blir gjennomført som ein interaktiv workshop med praktiske øvingar, døme frå kommunal sektor og moglegheit til å testa KI-verktøy "på direkten".

 

For fullt utbytte av kurset tilrår vi at du lastar ned eit læringshefte og eit oppgåvehefte, som ligg tilgjengeleg på DigiVestlands nettsider (sjå nedst på sida).

 

Når du registrerer deg så hentar vi inn informasjon om namn, kommune (arbeidsplass) og e-postadresse. Denne informasjonen blir brukt til å sende ut kursbevis i etterkant. I tillegg deler vi informasjon om talet på deltakarar frå kommunar utanfor Vestland fylke, med diginettverka frå dei aktuelle fylka. Personleg informasjon blir sletta i etterkant.

Praktisk informasjon

Tid

onsdag, 14. oktober
14:00 - 15:45

Sted

Digitalt

Stikkord

Pris

Gratis

Meld deg på